Kort fortalt

Slutt for møbelbutikk på Vestnes

Selskapet gjekk til skifteretten og bad om oppbod.

31.07.2025

Møbelsenteret Vestnes hadde 6,6 millionar kroner i driftsinntekt og eit underskot på 1,1 millionar kroner i fjor.

No er det opna konkurs i selskapet.

Etter tre år i minus gjekk butikken i pluss i åra 2020-2022 før det på nytt vart underskot i 2023 og ytterlegare nedgang både i inntekt og lønsend i fjor. Så seint som i årsmeldinga for 2024 skreiv styret at "de ikke anser det som usikkerhet knyttet til fortsatt drift og at årsregnskapet er avlagt under forutsetning om fortsatt drift. Dette basert på tilgang på ordrer og omstrukturering av selskapet."

Ifølgje kjennelsen frå Nordmøre og Romsdal tingrett har selskapet ei gjeld på 850.000 kroner og verdiar for cirka 470.000 kroner ved konkursopning. Selskapet har heller ikkje midlar til å gjere opp for seg, og betalingsvanskane er ikke foreløpig heiter det i kjennelsen.

Heidi Fredly i advokatfirmaet Wold & Co er bustyrar og første skiftesamling er onsdag 10. september.

Selskapet sysselsette tre årsverk i fjor.

Publisert: 31.07.2025 13:03

Sist oppdatert: 31.07.2025 13:03