Kort fortalt

Slutt for Næringsteft-finalist

Nuuvu kastar korta.

07.04.2025

I mars i år  var Nuvu blant dei fem som konkurrerte om å vinne Næringsteft, Sparebanken Møre sin årlege gründer-konkurranse, der førstepremien er ein million kroner. Selskapet nådde ikkje heilt til topps, men alle øvrige finaledeltakarane fekk 200.000 kroner, i tillegg til dei 50.000 kronene som gjekk til alle som kvalifiserte seg til semifinalen.

No har selskapet meldt oppbod og det er opna konkurs. Gjelda er på knappe 2,7 millionar kroner og selskapet hadde verdiar på omlag 45.000 kroner, ifølge kjennelsen frå Møre og Romsdal Tingrett.

Nuvu hadde utvikla eit kompakt sjølvbetent videostudio for mellom anna videomøte.

Frå 2022 til 2023 fall inntektene frå 6,6 til 0,7 millionar kroner og selskapet gjekk frå overskot til 1,6 millionar kroner i minusresultat før skatt. Selskapet gjorde endringar i drift og produkt for å få opp inntektene igjen, men her ifølgje kjennelsen varige betaltingsvanskar og er derme illikvid. 

Publisert: 07.04.2025 11:36

Sist oppdatert: 07.04.2025 11:36