Kort fortalt
Slutt for Ålesund-frisør
Melde oppbod.
Marius Rosbach
13.09.2023
Selskapet Salong Yr har meldt oppbod til Møre og Romsdal tingrett.
Frisørsalongen med adresse i Løvenvoldgata blei starta i 2020. Omsetninga i fjor stoppa på kring 660.000 kroner og eit minus på 120.000 kroner før skatt.
Første skiftesamling er planlagt 30. oktober og bustyrar er Axel Villads Lange.
Publisert: 13.09.2023 15:00
Sist oppdatert: 13.09.2023 15:00