Den lokale forskrifta til Ålesund, Sula og Giske kommune opphøyrer onsdag 12. januar 2022 klokka 12.00, skriv kommunane i ei pressemelding.
- Smittetrykket i Ålesundsregionen er no lågare enn i landet som heilheit. Det er dermed ikkje grunnlag for å ha strengare reglar lokalt, seier kommuneoverlege i Ålesund kommune, Alexander Wiig i pressemeldinga,
Dette betyr at dei lokale karantenereglane for unge under 18 år og elevar i vidaregåande skule vert oppheva.
Publisert: 12.01.2022 08:18
Sist oppdatert: 12.01.2022 08:21