Kort fortalt

Slutt på kinesisk lakse-forbod

Gjeld Troms, Nordland og Trøndelag.

05.07.2018
NPK: Dei tre fylka Troms, Nordland og Trøndelag har vore utestengde frå å eksportere laks til Kina sidan 2015. No opphevar Kina restriksjonane.
– Dette er ein ny milepæl på vegen inn i den kinesiske marknaden, og ei kjempegod nyheit for sjømatbedriftene våre. No kan lakseprodusentar frå heile Noreg selje laks til Kina. Det er eit enormt potensial i Kina for vidare utvikling av handelen med sjømat, seier fiskeriminister Per Sandberg
Kinesiske styresmakter opphevar restriksjonane for dei tre fylka med verknad frå 3. juli.
Restriksjonane på laks frå Troms, Nordland og Trøndelag vart innført i 2015. Bakgrunnen var frykt for at fiskesjukdommar som PD og ILA, som var påvist i desse fylka, kunne smitte over til kinesisk fisk.
Dei tre fylka har dei siste åra stått for over 40 prosent av den totale norske lakseproduksjonen. Dette svarar til over 500 000 tonn.
– Dette er store oppdrettsfylke. Tilgangen på laks som kan eksporterast til Kina blir no betydeleg betre. Den største laksen på over fem kilo er mest populær i Kina, men den er vanskeleg å få tak i. No som fleire norske sjømatprodusentar er godkjende blir det meir stor, norsk laks på det kinesiske marknaden, seier fiskeriminister Sandberg.

Publisert: 05.07.2018 15:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38