Kort fortalt

Slutt på koronareiseråd

Blir oppheva fredag.

NPK
30.09.2021

Ingen land vil få nye pandemirelaterte reiseråd når det globale reiserådet blir oppheva fredag.

Utanriksdepartementet opplyser at det no er slutt på reiseråd som er utskrivne berre på grunn av smittesituasjon.

Men skulle situasjonen endre seg, kan det bli aktuelt å utskrive nye reiseråd til land der pandemien skaper så store utfordringar at reiser blir frårådd.

– Sjølv om det globale reiserådet no blir avvikla, er det viktig å hugse på at pandemien ikkje er over. Mange land har framleis innreiserestriksjonar, relativt høge smittetal og strenge smitteverntiltak. Skal du ut og reise, må du setje deg nøye inn i situasjonen i landet du vil besøkje, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).

Ho minner samtidig på om at styresmaktene aldri kan garantere for at ei reise er heilt trygg å gjennomføre, og at folk sjølv er ansvarlege for å sjekke innreisevilkår og status for pandemien i landet dei vil besøkje. Sjekk òg at du har gyldig reiseforsikring og kva han dekkjer, tipsar ho.

– Det er mange land som ikkje er tilbake til ein normaltilstand, men vi er glad for at det er mogleg å reise meir no. Som alltid oppmodar vi alle til å registrere seg i reiseregistrering.no, anten via regjeringa.no eller appen «Reiseklar», seier Søreide.

Framleis rår UD frå reiser til rundt 50 land og område. Dette er basert på tryggingssituasjonen i land som er ramma av konflikt eller stader som er ramma av naturkatastrofe.

Publisert: 30.09.2021 19:51

Sist oppdatert: 30.09.2021 19:52

Mer om