Sluttar som konsernsjef
Trond Sundnes går av etter tre år.
Trond Sundnes starta si journalistiske løpebane i VikebladetVestposten i heimbygda. Han byrja som journalist i Dagens Næringsliv i 2007 og hadde ulike oppgåver før han i 2021 vart tilsett som konsernsjef.
No sluttar han, utan ein ny jobb å gå til, skriv Dagens Næringsliv.
DN Media Group gir ut Dagens Næringsliv, Fiskeribladet, Kystens Næringsliv, Europower, Intrafish.no og dei engelskspråklege avisene Tradewinds, Intrafish.com, Uptstream, Recharge og Hydrogen Insight.
Sundnes tok over eit konsern i økonomisk motbakke, med fallande inntekter sidan 2016. I 2023 hadde konsernet minus 91,3 millionar kroner i resuItat før skatt. Det var det sjette året på rad med underskot.
Publisert: 20.03.2024 19:42
Sist oppdatert: 20.03.2024 19:42