Bedrifter skrik etter snikkarar med yrkesfagkompetanse, men foreininga Norske Trevarer opplever at det ikkje er interesse frå fylka eller staten for å betre utdanningstilbodet.
Ingen fylke nord for Oslo har tilbod om snikkarutdanning, skriv Nationen.no.
Dagleg leiar Hilde Widerøe Wibe i Norske Trevarer seier til avisa at yrkesfagopplæringa ikkje har halde tritt med samfunnsutviklinga. Ho er også skuffa over at ingen parti tek tak i kjerneproblemet i yrkesopplæringa i partiprogramma sine, trass i at tre som byggjemateriale er berekraftig, populært og sett på som ein viktig del i det grøne skiftet.
– Framtida ser lys ut – men mangelen på utdanningstilbod innan snikkarfaget skapar stor bekymring blant bedriftene i foreininga vår, seier Wibe til Nationen.
Publisert: 13.09.2021 09:49
Sist oppdatert: 13.09.2021 09:50