Kort fortalt

Smitte ved verft og fiskeribedrift

Smitten aukar framleis i Ålesund.

Marius Rosbach
01.09.2021

Også denne veka er det meldt om ein rekke nye personar som er smitte av koronavirus i Ålesund.

Mandag fekk kommunen melding om 27 nye tilfelle og tysdag blei det meldt om 21 nye tilfelle. For fire av desse var smittevegen ukjend.

Sjekk siste status for koronasmitte i Ålesund

Fem arbeidarar ved Vard Søviknes har fått påvist smitte, og er overført til anlegget ved Trohaugen i Vestnes.

Sju personar andre personar er relatert til eit utbrot ved fiskeribedrift i Ålesund. Alle i bedrifta vert testa regelmessig for å stanse utbrotet, opplyste kommunen i ei meldin tysdag.

Etter at talet på innlagte som følgje av korona har vore på ein og to personar tidleg i august, er det no fire personar som får behandling ved sjukehusa til Helse Møre og Romsdal, ifølgje ei oversikt på nettsida deira.

Publisert: 01.09.2021 10:36

Sist oppdatert: 01.09.2021 11:47

Mer om