Smitteutbrot ved omsorgssenter
Herøy kommune har sett krisestab. Gløymde å gi tredje dose.
Fire pasientar og tre tilsette ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå, er registrert smitta måndag. Frå før er ein tilsett smitta.
Kommunen opplyser i ei pressemelding at omfattande tiltak er sette i verk for å hindre at smitten kjem over i andre delar av omsorgssenteret. Samstundes har kommuneoverlegen rådd til at pårørande ikkje gjennomfører besøk til pasientar ved seksjon blå, førebels til og med søndag 12.12.21.
- Dersom det er konkrete situasjonar der det er heilt naudsynt med besøk, vil desse kunne gjennomførast i samråd med seksjonen på ein smittevernforsvarleg måte, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.
Det vert gjennomført systematisk testing av pasientane og tilsette ved seksjonen etter fastlagd plan.
Pårørande
til pasientar i seksjonane er varsla.
Samstundes har kommuneoverlegen avdekt at pasientane ved seksjon blå og bebuarar ved Eggesbøtun ikkje har fått tilbod om oppfriskingsdose (dose 3) slik nasjonale retningslinjer tilseier. Desse pasientane og bebuarane har etter beskjed frå kommuneoverlegen fått tilbod om dette i dag måndag.
- Det er ein situasjon som eg beklagar sterkt og som eg tek det heile og fulle ansvar for, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen, i pressemeldinga.
Sjukeheimane elles i kommunen har gjennomført vaksinasjon med oppfriskingsdose (dose 3) i samsvar med nasjonale retningslinjer.
Kommuneoverlegen har i ettermiddag varsla statsforvaltaren om utbrotet ved omsorgssenteret og om avviket.
Årsaka til avviket er mangelfull oppfølging av retningslinjene for vaksinasjon i gjeldande seksjonar, og ufullstendig kontroll av at vaksinasjon er gjennomført.
Publisert: 06.12.2021 20:06
Sist oppdatert: 07.12.2021 05:27