Kort fortalt

Smitteutbrot ved Ålesund-bedrift

Meldt om 17 nye tilfeller.

Marius Rosbach
12.08.2021

(NPK-NTB-NETT.NO): Det vart registrert 17 nye tilfelle av koronavirus i Ålesund kommune onsdag. Elleve av dei er relaterte til eit smitteutbrot ved ei bedrift. Det blir ikkje opplyst kva bedrift det dreiar seg om.

- Det er stor pågang på telefonen til smittesporingsteamet. Vi ber om forståelse for dette, seier kommuneoverlege Olav Mestad i ei melding på heimesidene til Ålesund kommune.

Han viser til at det er mogleg å få svar på spørsmål om karantene og isolasjon på nettsida til Folkehelseinstituttet.

Fire av dei smitta er nærkontaktar, to av dei smitta har vore på reise i utlandet, medan for to er smittevegen ukjend. Tysdag vart det rapportert om elleve smittetilfelle i Ålesund.

(©NPK)


Publisert: 12.08.2021 12:15

Sist oppdatert: 12.08.2021 12:20

Mer om