Stad skipstunnel innside med folk illustrasjon Kystverket Snohetta Plomp
PRISEN PÅ BORDET: Når dei første tilboda kjem inn til Kystverket i neste månad, vil ein for første gong få ein prislapp på bordet for Stad skipstunnel. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta/Plomp
Kort fortalt

Snart kjem prisen for skipstunnelen på bordet

Nedteljing til tilbodslevering for samferdselsprosjektet.

NPK
20.05.2025

(NPK): Tre sterke entreprenørgrupperingar kjempar om å få byggje Stad skipstunnel. Den 10. juni går fristen ut for å levere første tilbod, og då får Kystverket ein peikepinn på kva den første skipstunnelen i verda faktisk vil koste.

– Vi er heldige som har tre sterke og engasjerte tilbydarar med oss. Dei utfordrar oss på sentrale punkt i konkurransegrunnlaget, noko som gjer prosjektet endå betre. Eg er trygg på at vi vil ende opp med ein dyktig entreprenør og eit godt sluttprodukt, seier Harald Inge Johnsen, prosjektsjef for Stad skipstunnel i Kystverket, i ei pressemelding.

Eit av dei store spørsmåla er prislappen. Her held tilbydarane korta tett til brystet.

– Vi veit faktisk ingenting om prisane enno, men den 10. juni får vi eit første bilete. Deretter følgjer forhandlingsrundar både på pris og andre tildelingskriterium, forklarer Johnsen.

Prisane som kjem inn vil vere avgjerande for den vidare framdrifta for prosjektet. Dersom dei overstig den vedtekne kostnadsramma, må ei ny ramme godkjennast av Stortinget. Om dei held seg innanfor, treng prosjektet berre oppstartsløyving i statsbudsjettet for å kunne starte bygginga.

(©NPK)

Publisert: 20.05.2025 09:21

Sist oppdatert: 20.05.2025 09:21

Mer om