Snikkarfirma konkurs med milliongjeld
Følgde ikkje opp avtalar med Skatteetaten.
Møre og Romsdal tingrett har måndag opna konkurs i eit enkeltpersonføretak med adresse i Ålesund.
Firmaet er registrert å drive med snikkar og bygningsarbeid og bakgrunnen for konkursen var eit krav frå skatteetaten på 1,76 millionar kroner.
Ifølgje rettspapira møtte ikkje innehavaren i retten. Vedkomande har heller ikkje betalt inn beløp som var lova i eit rettsmøte 24. juni, eller levert etterspurt dokumentasjon. Christin Garmann er bustyrar i saka og første skiftesamling er planalgt 26. august.
Innehavaren er også styreleiar og eigar i selskapa GM Invest og Gm Renovation som er oppført på same adresse som det konkursråka selskapet.
Publisert: 01.07.2024 17:15
Sist oppdatert: 02.07.2024 00:58