(NPK): Ein video frå eit forskingstokt viser at snøkrabbe fangar levande kril. Det har ikkje havforskarar sett før.
Videoen frå Mareano-toktet i den norske delen av Smottholet viser ein snøkrabbe som har ein sverm med kril over seg. Krabben hoppar fleire gonger for å fange kril, og den ser også ut til å lykkast.
– Eg er ikkje i tvil om at den faktisk fangar levande kril, seier krabbeforskar Jan H. Sundet på nettsida til .
Han har også granska mageinnhaldet frå snøkrabbe.
– Då slo det meg at krabbene hadde ete mykje krepsdyr. I første omgang rekna eg med at det stamma frå døde dyr, men no er eg sikker på at krabbene hadde ete levande krepsdyr, blant anna kril, seier Sundet.
– Opptaka viser at dette er ein art som er rask i vendinga. Vi ser at han gjer kraftige byks. Det er høgst sannsynleg at den hoppar for å fange kril. Det er i tråd med evolusjonen – artar som dette har ikkje såpass energikrevjande åtferd utan at det har eit formål, seier havforskar Børge Holte, som er med i botnkartleggingsprogrammet Mareano.
(©NPK)

Publisert: 04.11.2019 13:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32