NPK-NTB – Daniel Lundby Olsen, Tarjei Mo Batalden og Edvin Strømme
Erna Solberg (64) går av som partileiar i Høgre etter 21 år. I februar skal Høgre velja ny partileiing.
Etter at sentralstyret i Høgre fredag samla seg til møte på Gardermoen, varsla partileiar Erna Solberg at ho går av som partileiar neste år.
På spørsmål om ho burde trekt seg som Høgre-leiar på eit tidlegare tidspunkt, avfeia Solberg det kontant og sa at dette tidspunktet er det rette.
Fleire kandidatar har vore nemnde til å ta over rolla som partileiar, blant dei Ine Eriksen Søreide og nestleiar Henrik Asheim, som sjølv har sagt at han er villig til å ta over. Solberg ville ikkje røpa sin favoritt.
– Eg kjem ikkje til å peika på ein einaste kandidat. Partiet må få gjera sitt eige val utan press frå nokon andre eller meg.
Publisert: 12.09.2025 17:31
Sist oppdatert: 12.09.2025 17:41






