Kort fortalt

Solid pluss for Ørsta-fotograf

Snudde underskott til overskott i fjor.

Marius Rosbach
27.05.2024

Ørsta-fotograf Ma Ortiz snudde minus til pluss i 2023, viser årsmeldinga til Fotograf Ma As som no er offentleg.

Fjoråret var første året med aksjeselskap for fotografen, etter å ha drive enkeltpersonføretak i fleire år.

Omsetninga nærma seg 800.000 kroner, etter ei auke i inntektene frå fjoråret. Resultat før skatt vart knappe 129.000 kroner – som gir ein resultatmargin på meir enn 16 prosent.

Den erfarne fotografen tek på seg ein rekke ulike type oppdrag. Ho har tidlegare vunne ein rekke prisar og i førre månad kom ho på 6. plass i den prestisjetunge FEP Awards, som er dei europeiske fotografane sitt forbund.

Fotograf Ma As
Tal i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
0,8
0,7
Driftsresultat
0,1
-0,1
Resultat før skatt
0,1
-0,1

Publisert: 27.05.2024 11:03

Sist oppdatert: 27.05.2024 11:03

Mer om