Grindvik
SKODJE; Inntektshopp for Grindvik Bygg. Foto: Grindvik Bygg
Kort fortalt

Solid utbyte frå byggfirma

Eigarane fordeler utbyte på sju millionar kroner frå Grindvik Bygg.

24.05.2023

Skodje-selskapet har historie heilt tilbake til 1978. Siste åra har innteninga auka, og kom i fjor opp i 31,2 millionar kroner.

Resultatet før skatt enda på 0,7 millionar kroner, mot 3,6 millionar kroner året før, men etter fleire bra år vel eigarane å fordele eit utbyte på sju millionar kroner for fjoråret.

Bak det familieeigde byggfirmaet står Lars Ivar Grindvik med 25,6 prosent, Asbjørn Grindvik med 25,2 prosent, Kari Grindvik med 24,8 prosent og Marit Grindvik med 24,4 prosent.

Selskapet sysselsette i fjor 11 tilsette, og hadde ein samla eigenkapital ved årsskiftet på 8,2 millionar kroner.

Grindvik Bygg
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 31,2 26,6
Driftsresultat 0,6 3,7
Resultat før skatt 0,7 3,6

Publisert: 24.05.2023 08:00

Sist oppdatert: 24.05.2023 02:39

Mer om