Kort fortalt
Solstad skal gjere flåten grønare
Får støtte av Innovasjon Norge.
22.12.2021
Solstad Offshore opplyser i ei børsmelding onsdag at selskapet har sett som mål å redusere utsleppa frå flåten med 50 prosent innan 2030.
I løpet av dei neste tre åra skal selskapet bruke meir enn 300 millionar kroner til å byggje om fartøy til batterihybrid. Selskapet har fått 87 millionar kroner i støtte med Innovasjon Norge for dette prosjektet.
Totalt er det snakk om å oppgradere elleve fartøya dei neste tre åra, men seinare bygge om ytterlegare ti fartøy til å batterihybride løysingar.
Publisert: 22.12.2021 14:16
Sist oppdatert: 22.12.2021 14:24