Kort fortalt

Sportsfiskar fekk makrellstørje på 250 kilo

Opplevde «årets høgdepunkt» utanfor Ålesund.

NPK
17.08.2022

(NPK): «Team Godøya» landa søndag ei makrellstørje på 250 kilo utanfor Ålesund.

– Dette var verkeleg gøy, og årets høgdepunkt. Det kan ikkje samanliknast med nokon annan fisk som blir teken i Noreg, seier sportsfiskar Per-Christian Lillebø til Fiskeriblade t, etter at han og vennene tok storfisken.

Det vart opna opp att for kommersielt makrellstørjefiske i Noreg i 2014 etter at bestanden hadde teke seg opp att, og i 2019 vart det opna for eit avgrensa sportsfiske,

Makrellstørja er kjapp og sterk, og fiskarane brukte rundt 40 minutt på å få fisken opp i båten

– Det er heilt vilt, og enorme krefter, seier Lillebø, som beskriv jobben med å få den 250 kilo tunge fisken opp i båten som ein kamp.

Rundt 50 fritidsfiskarar har fått løyve til å fiske kvar si makrellstørje. Dei forpliktar seg til å sende inn prøvar av makrellstørja til Havforskingsinstituttet (HI) og må også skrive fangstdagbok og rapportere observasjonar. Ein del driv også såkalla merk og slepp-fangst for instituttet.

(©NPK)

Publisert: 17.08.2022 14:10

Sist oppdatert: 17.08.2022 14:12

Mer om