Kort fortalt

Spår avgiftsopprør blant bustadeigarar

Trengst enorme summar til oppgraderingar.

30.08.2019
NPK-NTB: Nødvendig vedlikehald på 280 milliardar kroner innan vass- og avløp i norske kommunar kan gi dramatisk auka rekningar framover, spår Huseiernes Landsforbund.
Organisasjonen spår eit opprør blant bustadeigarane i landet som vil overgå bompengeopprøret som nettopp har spelt ut seg over store delar av Noreg. Fam mot 2040 må det investerast om lag 280 milliardar kroner i vass- og avløp i norske kommunar for å dekke opp etterslep i held ved like, skriv .
Utrekningar Huseiernes Landsforbund har gjort viser at bustadeigarane i landet står overfor ein auke frå 130 opp til over 200 prosent over dagens gebyr i fleire fylke og kommunar. Utrekningane baserer seg på data frå Norsk Vatn og er inkludert moms.
– Vann, avløp og feiing er det underlagt som kallast sjølvkostregime. Det inneber at bustadeigarane i landet finansierer drift og investeringar gjennom dei årlege gebyra, seier generalsekretær Morten Andreas Meyer til avisa.
Han seier at dei enorme utgiftene som ventar er uhandterlege for vanlege hushald og seier det er nødvendig med bidrag over statsbudsjetta i åra framover.

Publisert: 30.08.2019 07:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32