NPK-NTB: To ting i bustadmarknaden kan tyde på at vi står overfor eit fall i bustadprisane, meiner sjeføkonomen i Eikagruppen. Bustadbransjen deler ikkje pessimismen.
Sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen i Eikagruppen seier at rekordmange bustader på marknaden samtidig som siste renteheving enno ikkje er slått fullt inn hos hushalda, vil få konsekvensar for bustadmarknaden.
– Dette er to faktorar som taler for eit unormalt stort prisfall i bustadmarknaden i fjerde kvartal, seier Andreassen til .
– Dei siste par vekene har det vore eit kraftig fall i talet på bustadlånssøknader, i tillegg til store avvik i salspris og prisantydning. Over heile Noreg er det altfor mange bustader til sals, seier sjeføkonomen.
Administrerande direktør Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge deler ikkje pessimismen til sjeføkonomen. Han seier at det er normalt med prisnedgang i fjerde kvartal, og at det ikkje er noko som taler for at fjerde kvartal i år vil vere svakare enn normalt.
Han viser til at det har vore reallønnsstigning i Noreg, og at dette gjer folk i stand til å betene dei auka kostnadene som rentehevingane har medført.
– Andreassen har spådd ein kraftig prisnedgang i mange år, utan at det har skjedd. Eg trur ikkje han treffer no heller, seier Dreyer.
Heller ikkje sjeføkonom Christian F. Bjerknes i Norske Boligbyggelag (NBBL) støttar Andreassen. Han viser til at Noreg er inne i periode med moderat bustadprisvekst.
(©NPK)

Publisert: 24.10.2019 10:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32