Kort fortalt

SSB anslår seks rentehopp

Dette før utgangen av 2021.

06.09.2018
NPK-NTB: Statistisk sentralbyrå (SSB) trur Noregs Bank kjem til å heve renta seks gonger innan utgangen av 2021, kjem det fram i ein fersk prognose.
– Styringsrenta blir truleg sett opp på rentemøtet i september etter å ha vore uendra på rekordlåge 0,5 prosent sidan mars 2016, skriv SSB i sine økonomiske prognosar fram mot 2021.
– Vi har lagt til grunn seks rentehevingar på 0,25 prosentpoeng innan utgangen av 2021. Utlånsrenta for rammelån vil ifølgje våre berekningar liggje på 3,8 prosent i 2021, vel eitt prosentpoeng høgare enn nivået i 2017, heiter det.
Nordea Markets anslo onsdag at Noregs Bank kjem til å sette opp styringsrenta heile sju gonger dei neste to åra.
SSB trur også lønnsveksten er aukande i Noreg. Årsaka er den betra konjunktursituasjonen, høgare aktivitet i petroleumssektoren og lågare arbeidsløyse.
– I 2018 blir reallønnsveksten nær null som følgje av at høgare energiprisar aukar inflasjonen. I takt med at lønsemda i verksemdene blir betre, er det venta at reallønnsveksten tek seg opp til 2 prosent i 2021, skriv SSB.
Hovudbildet frå SSB er at Noreg har ein høgkonjunktur i sikte.
– Norsk økonomi har vore i ein moderat oppgangskonjunktur i rundt halvtanna år. Oppgangen blir driven vidare av auka oljeinvesteringar og svakt positive internasjonale impulsar.

Publisert: 06.09.2018 10:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37