Kort fortalt

Ventar styringsrente på 1,75 neste år

Trur på fire rentehevingar i år.

NPK
18.03.2022
(NPK-NTB): SSB trur Noregs Bank hevar styringsrenta fire gonger i år og éin gong neste år. Det betyr at renta kjem opp på 1,75 prosent i 2023.

– Prognosane våre anslår ein vekst i BNP Fastlands-Noreg på 3,6 prosent i år, før han minkar til rundt 2 prosent i resten av prognoseperioden. Veksten er noko nedjustert samanlikna med prognosane frå desember. Det kjem av både utbrotet av omikron og krigen i Ukraina, seier Thomas von Brasch i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Auka renter vil dempe aktiviteten på sikt.

– I sum anslår vi at norsk økonomi vil vere nær konjunkturnøytral i åra framover. Det betyr stabil og moderat vekst, og eit normalt nivå på arbeidsløysa, seier han.

Publisert: 18.03.2022 12:49

Sist oppdatert: 18.03.2022 13:31

Mer om