Kort fortalt

Støre trur på elfly

Statsministeren trur på elfly på kortbanenettet.

NPK
13.10.2022

Statsminister Jonas Gahr Støre meiner at mykje ligg til rette for elfly på kortbanenettet i Noreg. Dette gjekk fram av eit besøk hos Widerøe i Bodø i dag

– Bodskapen vår er at vi har ein draum om å flyge fossilfritt på kortbanenettet i Noreg. I samband med dette ønskjer vi at staten bidreg til det gjennom eit avgiftssystem som gir insentiv til ei slik utvikling, seier administrerande direktør i Widerøe, Stein Nilsen, til NRK Nordland.

Statsminister Støre meiner arbeidet til Widerøe er spennande.

– Kortbanenettet ligg godt til rette for å ta i bruk elfly. At Noreg kan vere i front i denne utviklinga er veldig spennande, og det har vi tru på, seier Støre, som ikkje vil love endringar i avgiftene til flybransjen med det første.

Publisert: 13.10.2022 15:53

Sist oppdatert: 13.10.2022 15:55