Kort fortalt

Stadig fleire bønder på kurs

Fleire er opptatt av risikoen i landbruket.

03.07.2018
NPK: Åtte av ti bønder har gått på kurs for å læra om helse, miljø og tryggleik dei siste fem åra, viser undersøking.
I undersøkinga som er gjennomført av Agri Analyse for Landbruksforsikring kjem det fram at dei mest populære kursa handlar om praktisk plantevern, praktisk HMS og varmt arbeid. Kurs om sikring av last og bruk av motorsag kjem også høgt opp.
– Svara teiknar eit veldig positivt bilete og tyder på at bøndene verkeleg tek på alvor at dei har eit farleg yrke, seier bransjeansvarleg Linda Stubsjøen i Landbruksforsikring i ei pressemelding.
Ho meiner det har blitt eit aukande medvit om risikoen i landbruket dei seinare åra.
Også Norsk Landbruksrådgjeving som arrangerer over 100 kurs i året, har fleire bønder på skulebenken.
– Aktiviteten har auka dei siste åra. I fjor var 3.500 bønder med på kursa våre, og deltakinga hittil i år tyder på at det blir endå fleire dette året, seier fagkoordinator for HMS i Norsk Landbruksrådgivning, Halle Arnes.
Berre første kvartal hadde dei 1.700 kursdeltakarar.

Publisert: 03.07.2018 08:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38