NPK: Ein firedel av lakseproduksjonen i verda kan komme frå landbaserte anlegg innan 2030, viser ein analyse frå Rabobank.
– Landbasert lakseoppdrett kan utgjere ein firedel av den globale lakseproduksjonen innan 2030, skriv analytikarar frå den nederlandske banken Rabobank i ein ny rapport. Det er som presenterer tala.
Det er meldt om over 50 prosjekt med resirkuleringsanlegg (RAS) for matfiskproduksjon globalt ifølgje analysen, og det er venta ein auke. Anlegga baserer seg på resirkulering av ferskvatn i staden for gjennomstrøyming av vatn. Auken kan potensielt føre til 250.000 tonn laks frå landbaserte prosjekt innan slutten av neste tiår, skriv Intrafish.
Rabobank skriv at det i dag truleg ikkje er meir enn 3.000 tonn laks globalt som blir produsert ved hjelp av resirkuleringssystem.
Faktorar som er viktige for at anlegga skal gå bra, er ifølgje analysen at det blir oppretta i eit miljø der kompetanse og innovasjon er til stades, at det er tilgang til vatn, logistisk infrastruktur, utsikter til subsidiar, energi og arbeidsressursar. Regionar utan lokal lakseforsyning, men sterk etterspurnad, er òg føretrekte mål for landbaserte produsentar.

Publisert: 21.10.2019 10:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32