Kort fortalt

Stadig færre kystrekefiskarar

No under 100 aktive.

19.09.2018
NPK: Talet på fiskarar som fiskar etter reker med båtar under elleve meter, blir stadig færre her i landet. I fleire fylke er det i dag berre halvparten så mange kystrekefiskarar som for femten år sidan.
Det fortel På landsbasis er talet på kystrekefiskarar ifylgje kanalen redusert frå 130 til under 100. Men i fylke som Hordaland og Aust-Agder er talet på kystfiskarar halvert på femten år.
Utslepp av kjemikaliar mot lakselus og sviktande fangst blir trekt fram som ei viktig årsak til at rekefiskarane kastar inn handkledet.
– Regelverket må heilt klart endrast. Vi må få fullstendig kontroll på kva som går opp i merdane, og kva som kjem ut igjen, seier Olav Endre Drønen som er den siste kystrekefiskaren i Austevoll.
Etter 13 år med rekefiske har han bestemt seg for å slutta. Han er lei av sviktande fangst og er overtydd om at det heng saman med avlusingsvatn frå oppdrettsnæringa og utslepp av stoffet hydrogenperoksid nær rekefelta.
Fagsjef Ketil Rykhus i SjømatNorge åtvarar på si side mot å trekkja for bastante konklusjonar.
– Fleire forskingsinstitusjonar, mellom anna Havforskingsinstituttet, har peikt på at hydrogenperoksid er blant dei mest miljøvennlege midlane som kan brukast mot lakselus, seier han.

Publisert: 19.09.2018 13:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37