NPK-NTB: Berre 37 prosent av norsk ungdom var i jobb sommaren 2017. Det er det lågaste talet nokosinne.
På slutten av 90-talet viste tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at så mange som tre av fire ungdommar mellom 15 og 17 år hadde sommarjobb.
No har trenden snudd.
– Det er lett å slenge inn ein kommentar om at norsk ungdom er late, men eg trur bildet er meir nyansert enn det, seier bransjesjef for handel i NHO Service og Handel, Leif Bache-Mathiesen, til (ANB).
Han meiner arbeidsgjevarane må ta sin del av skulda.
– Eg trur arbeidsgjevarane kan bli flinkare til å informere tidlegare om at dei ønsker vikarar. Eg trur også foreldra har blitt litt latare. Dei har ikkje like store ambisjonar om å få barna i jobb som før.
Ungdomsrådsgjevar i LO og leiar for LOs sommarpatrulje, Bjarne Lagesen, meiner nedgangen har fleire grunner.
– Frå Fagforbundets ungdomsbarometer veit vi at fleire jobbar deltid ved sida av studiane. Det kan gi deg moglegheita til å ta fri om sommaren.
Han fortel også at oljekrisa har ført til meir ungdomsarbeidsløyse, og at unge har fått konkurranse om sesongjobbane frå austeuropearar.

Publisert: 26.06.2018 10:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38