Kort fortalt

Stansar auke i inkassosatsen

Regjeringa meiner satsen bør ned.

20.12.2018
NPK-NTB: Regjeringa meiner inkassosalæra bør senkast og frys no grunnsatsane medan ein ventar på nye reglar.
– Når inkassobransjen sparer pengar på grunn av automatisering, bør det føre til lågare inkassosalær. medan ein arbeider med nye reglar om inkassosalæra, meiner eg det er riktig at satsane ikkje blir auka, seier justisminister Tor Mikkel Wara (Frp).
Inkassosatsen er ein grunnstorleik, som mellom anna purregebyr og maksimalsatsar for inkassoføretaka blir berekna ut frå.
Fram til no har inkassosatsen vore justert årleg for å halde tritt med prisveksten. No blir han liggjande på 700 kroner også etter nyttår.
Arbeidsgruppa som skal sjå på inkassolova og inkassoforskrifta, legg fram rapporten sin 1. januar 2020.

Publisert: 20.12.2018 15:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36