Kort fortalt

Startar bryggeri i Valldal

Kjøpte utstyret frå Tonga Gardsbryggeri.

01.02.2024

-Vi utvidar produksjonen vår frå saft og syltetøy til øl og cider, fortel Ole Henrik Uri i familiebedrifta Valldal Safteri til avisa Storfjordnytt.

Valldal Safteri har hatt driftsinntekter mellom 1,6 og 1,2 millionar kroner dei siste åra.

Tonga Gardsbryggeri i Norddal hadde 1,4 millionar kroner i driftsinntekt i 2022 og eit resultat før skatt på minus 0,1 million. Eigarane bestemte seg for å avvikle i fjor, og no er utstyret seld og frakta over fjorden til Valldal sentrum.

Publisert: 01.02.2024 15:45

Sist oppdatert: 01.02.2024 15:45