Kort fortalt

Stavanger innfører cruisetak

Maks 200 cruiseskip i året.

NPK
27.02.2021

Stavangerregionen Havn har innført eit tak på 200 cruiseskip-besøk i året. Overskytande skip må til Sandnes eller Risavika, skriv Stavanger Aftenblad. Dette har ført til reaksjonar frå reiselivsaktørar i regionen.

– Eit tak vil redusere aktiviteten vår. Vi har i dag to båtar og 12–15 tilsette som har jobb på grunn av cruiseanløpa. Om vi no set eit tak per år vil det «øydeleggje» den viktige jobben som er gjort med å fordele aktiviteten og strekke sesongar. Mange heilårsarbeidsplassar i heile fylket vil igjen bli sesongarbeidsplassar som berre går frå 17. mai til 1. september, seier Lars Rødne, dagleg leiar i reiarlaget L. Rødne og sønner, til avisa.

Han meiner det ville vore mykje betre å setje eitt tak på cruisebåtar per dag, for eksempel tre skip.

I september i fjor vedtok Stavanger formannskapet at det ikkje skal vere cruiseanløp til indre hamn i Vågen, og at ein ikkje skal gå over anløpstala frå 2018 og 2019. Allereie inngåtte avtaler skal derimot haldast ved lag.

Hamnedirektør Merete Eik svarer slik på korleis taket blei sett til 200.

– 200 er ikkje noko konkret og eksakt tal. Snittet av talet på anløp i åra 2018 og 2019 var på 209. Derfor har vi sat 200 som eit førebels tal, inntil vi blant anna har fått utført ein tålegrenseanalyse for cruisetrafikken i Stavanger, seier hamnedirektøren.

Hamna har stoppa nye bestillingar for 2021 og 2022, der allereie inngåtte avtaler alt tilseier at Stavanger får besøk av høvesvis 233 og 224 cruiseskip

For åra 2023, 2024 og 2025 ligg bestillingane no på høvesvis 189, 65 og 7 skip. Det vil seie at når desse tala når den magiske grensa 200, så vil nye bestillingar bli avvist.

Styret i SRH opnar no for at desse kan omdirigerast til Sandnes eller Risavika.

– Vi er innstilt på å bidra i samarbeid med Stavanger, som jo kan dette med cruisetrafikk, seier hamnesjef Thor Thingbø i Sandnes til avisa.

Publisert: 27.02.2021 07:20

Sist oppdatert: 27.02.2021 07:22