Kort fortalt

Stenger Strynefjellstunnel

Må stengast 1 1/2 døgn.

29.09.2021

Oppljostunnelen på Strynefjellet vert stengd i halvtanna døgn i veke 40, opplyser Statens Vegvesen.

Stenginga skjer frå tysdag 5. oktober klokka 08.00 til onsdag 6. oktober klokka 20.00.

Det blir vist til at riksveg 15 over Strynefjellet er ein viktig overfartsveg mellom Vestlandet og Austlandet. Ei stenging vil difor få store konsekvensar for trafikken, ikkje minst på vinterføre.

Delar av eine veggen i betongoverbygget i Oppljostunnelen har rast ut i om lag seks meters lengde, og det er naudsynt å reparera snarast.

– Det betyr at både kabelstige, armaturar og kablar må demonterast og fjernast. I samband med jobben vil lys og nødnett delvis bli kobla ut, frå skadestaden og ut av tunnelen, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Den 4594 meter lange Oppljostunnelen på grensa mellom Stryn kommune i Vestland og Skjåk kommune i Innlandet har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 911.

Om veret tillét, vert det omkøyring over gamle Strynefjellsvegen for bilar under 3,5 tonn.

– Vi har forståing for at vegarbeid kan vera krevjande for trafikantane, ikkje minst når det er snakk om ei så langvarig stenging som dette, legg Hovland til.

– Men då er det samtidig viktig å minna om at vedlikehald av tunnel og andre vegobjekt er noko me gjer nettopp for dei reisande, for å vareta trafikktryggleiken, understrekar han.

Publisert: 29.09.2021 18:13

Sist oppdatert: 29.09.2021 18:16

Mer om