NPK-NTB: 651.000 tonn avfall vart behandla ved biogass- og komposteringsanlegg i 2017. Over halvparten av avfallet enda til slutt som biogass, viser nye tal.
Tal frå (SSB) viser at mesteparten av avfallet som vart behandla ved biogass- og komposteringsanlegg, 366.000 tonn, gjekk til biogassproduksjon. I 2011 stod kompostering for det aller meste av avfallshandteringa. Talet på biogassanlegg har auka frå 8 i 2011 til 35 i 2017.
400.000 tonn avfall vart handtert biologisk i 2011, og mengda har dermed auka med 251.000 tonn. Noko av auken kjem av at reine slamanlegg er med i utvalet for 2017, i motsetning til 2011-utvalet. Forbodet mot deponering av biologisk nedbrytbart avfall som tredde i kraft i 2009, kan nok også framleis forklare noko av auken.
Det meste av avfallet som vart handtert biologisk i 2017, var matavfall og anna våtorganisk avfall, i tillegg til mykje park- og hageavfall.

Publisert: 25.09.2018 11:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37