NPK-NTB: Nær 3,4 millionar passasjer flaug med Norwegian i oktober, ein auke på 8 prosent frå same periode i fjor. Men inntekta per passasjerkilometer går ned.
Totalt 3.388.898 passasjerar reiste med Norwegian i oktober. Det var 240.387 fleire enn same månad i fjor, viser passasjertala til selskapet, som blei lagt fram tysdag.
Den totale trafikken (RPK) auka med 25 prosent og kapasiteten (ASK) med 29 prosent. Fyllingsgraden var 85 prosent i oktober, ned 2,4 prosent frå same månad i fjor.
Inntekta per passasjerkilometer (yield) fall med 2 prosent samanlikna med oktober i fjor. Dette har samanheng med at veksten har vore størst på langdistanseflygingar, opplyser Norwegian.
«Ettersom inntekta per passasjerkilometer er lågare på lengre flygingar, fell selskapets yield når langdistanserutene utgjør ein aukande del av den totale trafikken», skriv selskapet.
– I tråd med strategien vil no veksten flate ut framover. Vi går no inn i ein periode prega av generelt lågare etterspørsel, tøff konkurranse og høg oljepris, noko som gjer at det blir enda viktigare å halde fram med arbeidet med å redusere kostnadane i selskapet, seier konsernsjef Bjørn Kjos.
Norwegian gjennomførte 99,4 prosent av dei planlagte flygingane i oktober. Punktlegheita var på 79,7 prosent, opp 1,4 prosentpoeng frå same periode i fjor.
Flåtefornyinga til Norwegian held fram i 2018. Selskapet fekk levert to fabrikknye Boeing 737 MAX 8 denne månaden. Totalt for året får Norwegian levert 11 Boeing 787–9 Dreamlinere, 12 Boeing 737 MAX 8 og to Boeing 737–800.
Norwegian var det femte største lågprisselskapet i verda med over 33 millionar reisande i 2017.

Publisert: 06.11.2018 14:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36