NPK-NTB: Prispresset i norsk handel er så sterkt at dei mest tradisjonsrike kjedene taper meir og meir. – Forbrukarane har aldri hatt større makt, seier salsdirektør.
Det er bransjeaktørane innan tekstil og sko som er hardast ramma av priskrigen, og som har lagt bak seg fleire periodar med fallande prisar, skriv .
Årsakene er mange og samansette, men blant dei er prisrobotar som gir kundane full prisoversikt, og feriehandel og netthandel. Undersøkingane til DIBS Payment Services viser at 54 prosent av nordmenn handlar i utanlandske nettbutikkar, og at lågare pris er den viktigaste årsaka.
– Forbrukarane har aldri hatt større makt enn no ved at dei så enkelt kan velje og vrake blant produkt, så vi ser kanskje eit skifte i maktbalansen, seier salsdirektør i DIBS, Johanna Telle.
Odd Gisholt, som i fleire år har vore fagansvarleg for varehandel ved BI, seier marknaden er overmetta og at det då er naturleg at det bryt ut priskrig.
– Prisjaget vil fortsette, og det blir vinnarar og taparar. Dei som senkar prisane sine og ikkje har kostnadane under kontroll, dei vil tape.

Publisert: 02.07.2018 08:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38