Kort fortalt

Stillehavsøstersen spreier seg raskt

Legg til rette for nordisk østersnæring.

26.03.2019
NPK: Eit nordisk forskingsprosjekt har kartlagt kva som skal til for å utløyse det kommersielle potensialet i stillehavsøstersen som invaderer strandlinjene i Norden.
– Stillehavsøsters smakar litt annleis enn flatøsters. Men han er ein av dei artane som vert dyrka mest i verda. Det finst ein enorm global marknad – og truleg også lokalt, seier Stein Mortensen i ei pressemelding. Han er forskar ved Havforskingsinstituttet i Bergen, og prosjektleiar.
Stillehavsøsters blei innført i Norden på 1980-talet for dyrking. Rundt 2006 byrja arten å spreie seg og var snart etablert langs kysten i alle dei nordiske landa. Arten fører til biologiske endringar i havmiljøet og øydelegg frilufts- og badeområde. Det er håplaust å bli kvitt arten, og derfor er det aukande interesse for å utnytte den i matindustrien og turismen.
Det samnordiske forskingsprosjektet undersøkjer føresetnadene for å gjere stillehavsøsters til ein økonomisk ressurs. Utfordringane handlar både om dei juridisk-økonomiske rettane og om mattryggleiken.
I Danmark eig staten østersbestanden, og den som vil hauste for kommersiell bruk, må ha løyve frå Fiskeristyrelsen. I Sverige er det grunneigarane som eig retten til østers som har etablert seg inntil 200 meter frå land, og vedkommande skal gi løyve til hausting. Her i landet finst det inga lovgiving om retten til å hauste skaldyr, men praksis gir grunneigaren ein viss rett.
– Landa må skape juridisk klårleik og etablere passande modellar for korleis retten kan overførast til kommersielle østersprodusentar, seier Stein Mortensen.
Forskarane ser moglegheiter for ei veksande turistnæring rundt østershausting, men då må landa først utarbeide system for å peike ut kvar og når det er trygt å hauste. Forskarane tilrår også sikre lagringsplassar for innhausta østers.

Publisert: 26.03.2019 10:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35