NPK-NTB: Talet på tilfelle av passasjerar som lagar trøbbel på norske rutefly har auka kraftig dei siste ti åra. Lett tilgang til alkohol skal vere hovudårsaka.
Luftfartstilsynets statistikk, som bladet har fått innsyn i, viser at tilfella av passasjerar som oppfører seg dårleg, auka frå 14 til 123 i perioden 2007 til 2017.
Dei fleste rapporterte tilfella om dårleg oppførsel går ut på trakassering av medpassasjerar og flybesetninga, røyking på toalettet og at reisande nektar å rette seg etter sikkerheitsinstruksjonar.
Dei flytilsette meiner at utviklinga kan knytast til lett tilgang til alkohol, i tillegg til at det av kommersielle omsyn har blitt mindre komfortabelt å vere passasjer på flya, blant anna fordi det er blitt trongare.
Leiaren for Norsk Pilotforbund, Petter Førde, fortel til avisa at det i praksis er kabinbetjeninga som vurderer situasjonen om det oppstår problem med reisande.
– Får vi melding om ein passasjer som ikkje oppfører seg, er det berre éin ting å gjere. Då går vi ned på nærmaste flyplass.
Ei slik landing med eksempelvis ein Boeing 737 kjem fort opp i 100.000 kroner, kanskje meir. Erstatningskrav blir retta mot passasjeren.

Publisert: 26.06.2018 10:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38