(NPK): Halvparten av befolkninga har no lagra drikkevatn, men DSB ønskjer at fleire tek grep for å sikre seg i krisesituasjonar.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sende i haust ei brosjyre med oppdaterte råd om eigenberedskap til alle husstandar i Noreg.
Ei ny undersøking av Ipsos viser at heile 93 prosent av befolkninga kjenner til desse råda, og at 70 prosent av nordmenn har styrkt eller planlegg å styrke eigenberedskapen sin.
Vidare har 64 prosent lese heile eller delar av brosjyren, medan 49 prosent har lagra drikkevatn.
DSBs direktør, Elisabeth Aarsæther, uttrykkjer glede over resultata, men understrekar behovet for at fleire tek konkrete tiltak for å sikre seg.
– Det har vore ein stor auke i talet nordmenn som lagrar drikkevatn dei siste åra. Likevel er det berre halvparten av befolkninga som gjer det. Vi ønskjer at fleire lagrar vatn, seier Aarsæther
(©NPK)
Publisert: 05.12.2024 12:31
Sist oppdatert: 05.12.2024 12:31