Kort fortalt

Stor interesse for lokalmat

Selde lokalmat fo 12 milliardar i fjor.

NPK
21.07.2021

Aldri før har interessa for lokalmat vore like stor som no.

I fjor vart det seld lokalmat og drikke for 12 milliardar kroner, ein auke på nesten 13 prosent frå året før. På Byrkjelo i Gloppen kommune i Vestland, har lokalmatbutikken ei omsetning på ein million kroner i veka no i sommar.

Administrerande direktør i stiftinga Norsk mat, Nina Sundquist, er ikkje overraska over dei gode tala.

– Lokalmat har verkeleg vorte populært, seier ho.

Omsetninga har auka spesielt etter at pandemien starta. Coop Nordvest omsette lokalmat for 175 millionar kroner i fjor, i år kan det nærme seg 200 millionar.

Viseadministrerande direktør i Coop Nordvest, Geir Espe, seier dei satsar på å auke produksjonskapasiteten til neste sommar for å sikre at det blir nok varer.

Publisert: 21.07.2021 13:40

Sist oppdatert: 21.07.2021 13:41

Mer om