Det har i år vore eit svært godt fiske etter kolmule vest for Irland. No er herøybåten Sunny Lady på veg til Pelagia Måløy med 2.700 tonn kolmule om bord. Det er største pelagiske fangsten nokon herøybåt har fått, skriv lokalavisa Vestlandsnytt.
Med denne fangsten er Sunny Lady komen halvvegs med kolmulekvoten som er på 9.900 tonn, ein kvote som med dagens prisar har ein verdi på om lag 35 millionar kroner.
Publisert: 17.03.2023 09:43
Sist oppdatert: 17.03.2023 09:49