NPK: Med ei løyving på 64 millionar kroner til åtte nye tømmerkaiar håpar Landbruksdirektoratet å bidra til at infrastrukturen for skognæringa langs kysten blir betre.
– Gode tømmerkaiar med strategisk plassering er avgjerande for å få transportert tømmer frå skogen og ut til foredlingsindustrien, i mange tilfelle er kaiane også det einaste alternativet i desse områda, seier seniorrådgjevar Torleif Terum i Landbruksdirektoratet.
Han peikar på at sjølv om kvar kai krev store investeringar, blir utgiftene sparte inn att over nokre år gjennom reduserte transportkostnader.
Orkanger i Trøndelag stikk av med den største potten på 21 millionar kroner, medan den nest største løyvinga går til Håjem i Skodje som får 11,5 millionar kroner.
Også kaianlegg i Fjaler i Sogn og Fjordane er blant dei som får støtte. Det same er tømmerkaiar i Mosjøen, Nord-Trøndelag, Drammen, Arendal og i Sauda.

Publisert: 24.09.2018 14:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37