Kort fortalt

Stor-Oslo får to av tre jobbar

- Distriktsfiendtleg, meiner Ap.

07.11.2019
NPK-NTB: Ap-nestleiar Hadia Tajik meiner regjeringa fører ein distriktsfiendtleg politikk fordi dei fleste arbeidsplassane blir skapte i Oslo og Akershus.
Det siste året har to av tre nye jobbar komme i desse to fylka, skriv Klassekampen.
– Vi har hatt ei svært distriktsfiendtleg regjering i sju år som kjem til å halde fram i same retning, seier Tajik til avisa. Ho er bekymra over utviklinga i sysselsetjinga.
Tal frå Statistisk sentralbyrås Arbeidskraftundersøking (Aku) viser at dei nye jobbane vart skapte på det sentrale austlandsområdet. Frå 2013 til 2018 kom 54 prosent av alle nye jobbar i Oslo og Akershus.
Delen er på 65 prosent om ein ser på perioden frå tredje kvartal i fjor til tredje kvartal i år. I åra frå 2006 til 2013 vart 65 prosent av jobbane skapte utanfor Oslo og Akershus.
Tajik konfronterte finansminister Siv Jensen (Frp) med utviklinga i Stortingets spørjetime. Jensen meiner Tajik «svartmålar situasjonen» og peika på at hovudutfordringa i arbeidsmarknaden er at mange bedrifter manglar kvalifisert arbeidskraft på grunn av aukande sysselsetjing.

Publisert: 07.11.2019 08:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32