Kort fortalt

Stor skepsis til andre sjåførar

1 av 2 bilførarar stoler ikkje på andre sjåførar.

NPK
12.07.2022

Halvparten av norske bilistar stoler ikkje på førarevnene til andre sjåførar dei møter på vegen. Dette kan kome av fordommar.

– Skepsistala er veldig høge. Sjølv med store variasjonar landet over, er det i snitt slik at halvparten ikkje stoler på andre, seier fagsjef for motor i Frende Forsikring, Roger Ytre-Hauge i ei pressemelding.

Han trur skepsisen kjem av det vi ser rundt oss på vegane. Undersøkinga viser at 40 prosent av oss seier at vi slit med bestemde køyrereglar, som rundkøyring, fletting, køkøyring, vikeplikt, blinklys og fartsgrenser.

– Dersom vi ser at mange rundt oss nøler med dette og gjer det feil, skaper det ei uvisse. Det gjer også at vi blir fordomsfulle når det gjeld kven vi ikkje stoler på i trafikken, seier Ytre-Hauge.

Nordmenn meiner at det er gamle, folk med dyre bilar, unge, menn, kvinner, folk med barn i bilen og folk med dyr i bilen som køyrer dårlegast (i bestemt rekkjefølgje).

Publisert: 12.07.2022 17:58

Sist oppdatert: 12.07.2022 17:59