NPK: Fleire cruise med «Viking Sky» kan bli avlyste, og reiarlaget vil gå glipp av store inntekter, etter motorhavariet sist helg.
Etter motorhavariet sist helg, ligg det an til at fleire cruise med «Viking Sky», blir avlyste. Eit fullbooka skip gir inntekter på 42 millionar kroner, .
Reiarlaget risikerer difor mellom 42 og 150 millionar kroner i lågare inntekter, avhengig av kor mange avgangar som blir avlyste. «Viking Sky» blir liggande i Molde i fleire dagar.
«Viking Sky» rommar 930 gjester i tillegg til 260 mannskapslugarar, og det var opphavleg planlagt fleire cruise langs norskekysten dei neste månadane.
Hovudeigar i Viking Cruises, Torstein Hagen, bad gjestane på den dramatiske båtturen om unnskyldning for det dei hadde opplevd, og lovpriste redningsmannskap og frivillige langs kysten for innsatsen da båten fekk problem, i ei pressemelding måndag.

Publisert: 26.03.2019 18:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35