Kort fortalt

Store utbyter ut av landet

96 milliardar utbytekroner til utlanddske eigarar.

27.06.2018
NPK-NTB: Aldri før har eigarar i norske bedrifter henta ut større utbyte enn i fjor. Kvar fjerde utbytekrone – totalt over 96 milliardar – vart tatt ut av landet.
Til saman betalte bedriftene ut 414 milliardar kroner i utbyte til aksjonærane sine i fjor. Det er det høgste beløpet som nokon gong er utbetalt sidan Statistisk sentralbyrå (SSB) begynte å føre aksjestatistikk i 2004. Auken er på heile 18,6 prosent frå 2016.
Tala viser dessutan at ein betydeleg del av utbyteutbetalingane – over 96 milliardar kroner – vart tatt med ut av Noreg av utanlandske eigarar. Også dette er det høgste beløpet i sin kategori – 17 milliardar kroner meir enn i 2016 – sidan aksjestatistikken vart etablert.
Mens 36 prosent av dei norske eigarane fekk utbetalt utbyte i fjor, var delen utbytemottakarar høgare – 44 prosent – blant utanlandske eigarar. Meir enn dobbelt så mange menn som kvinner investerer i aksjeselskap – menn henta ut 4,5 gonger meir i utbyte enn kvinnelege aksjonærar.
Selskap som driv med bergverksdrift og utvinning, stod for den største delen av utbetalt utbyte, med 74,7 milliardar kroner. Selskap innan elektrisitet-, gass-, damp- og varmtvassforsyning hadde den største auken i utbetalt utbyte. Dei betalte ut 19,2 milliardar kroner meir i fjor enn i 2016, noko som svarar til ein auke på 187 prosent.
Av dei totale utbyteutbetalingane til utlandet gjekk heile 17 av 20 kroner til aksjonærar i europeiske land. Nederland og Sverige fekk mest med høvesvis 24,9 og 19,7 milliardar kroner. Begge land opplevde betydeleg auke, mens utbetalingane til Storbritannia og Tyskland gjekk ned i forhold til 2016.

Publisert: 27.06.2018 13:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38