Kort fortalt

Storkontrakt til YIT Norge

Skal byggje Jølstra Kraftverk.

28.06.2018
Sunnfjord Energi har tildelt entreprisa for bygg og anleggsarbeider for Jølstra Kraftverk til YIT Norge AS, opplyser selskapet i ei pressemelding.
Arbeidet startar opp i juli i år og vil være ferdig i april 2021. No når denne største kontrakta er plassert vil det bli inngått avtalar med ei rekke andre leverandørar i dei komande vekene og månadene.
Kontrakta er på om lag 300 milionar kroner og omfattar tunnellar, kraftstasjonsbygning i fjell, samt inntak og utløpskonstruksjonar. Kontrakta gjeld også rolla som hovudbedrift på anlegget.
YIT Norge AS er den norske anleggsverksemda til det finske konsernet YIT, etter at YIT og Lemminkäinen fusjonerte tidligare i år. Selskapet har fullført liknande anlegg i Norge i seinare tid.
YIT vann anbodskonkurransen som blei forespurt og evaluert hausten 2017. Dei har vore nominert sidan desember, men grunnlaget for å oppnå finansiering av utbygginga og inngå kontrakt har ikkje vore på plass før dei siste dagene.
Kontrakta vert inngått med Sunnfjord Energi og vil bli overført til eit felles selskap, Jølstra Kraft DA, der Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi (SFE) vil eige 50% kvar.

Publisert: 28.06.2018 09:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38