Kort fortalt

Storkontroll av bussbeltebruk

Kontrollerer beltebruk over heile landet.

03.09.2018
Denne veka kontrollerer Statens vegvesen beltebruk i bussar over heile landet. Passasjerar og sjåførar utan belte risikerer eit gebyr på 1 500 kroner, opplyser Statens Vegvesen i ei pressemelding.
Andelen som brukar belte i buss og som er klar over at det er påbudt å bruke belte i buss, har auka dei siste åra. Fleire har i tillegg blitt flinkare til å seie frå til andre som ikkje brukar belte.

-

Vi ser i våre kontrollar at fleire festar på seg beltet på bussen no, men vi er nøydde til å halde trykket oppe for å minne passasjerane på kor viktig det er, seier Annette Henden i Statens vegvesen Region midt.
- Vi har framleis ein jobb å gjere for å få ungdom til å feste på seg beltet, seier Henden i pressemeldinga.
Ei spørjeundersøking viser at beltebruken i buss det siste året har gått noko ned, frå 81 prosent i fjor vår, til 74 prosent som no oppgir at dei «i stor grad» brukar belte i buss.

Publisert: 03.09.2018 09:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37