Kort fortalt

Storm rundt oppdrettsskatt

Dei nye skattereglane for personlege aksjonærer i havbruksnæringa har skapt storm.

NPK
07.01.2022

No seier Geir Pollestad i Senterpartiet at dei framleis jobbar med saka.

– Eg må innrømme at det har kome veldig mange førespurnader i denne saka. Vi ønskjer jo ikkje å råke dei familieeigde bedriftene, for Senterpartiet er det viktig å ha eit mangfald av aktørar i oppdrettsbransjen. Det kjem nok til å kome formuesskatt på desse konsesjonane, men vi må sjå på korleis vi kan utforme han slik at vi ikkje straffar dei mindre aktørane, seier Pollestad til Klassekampen.

Frå årsskiftet auka skattlegginga av personlege aksjonærar i havbruksnæringa gjennom ny verdsetting av oppdrettsløyve og auka utbytteskatt og formuesskatt. Det har vore hevda at skatteauken vil hemme utviklinga til selskapa og ramme distriktsarbeidsplassar.

Økonomiprofessor Jarle Møen ved Norges Handeslhøgskule har derimot lite til overs for klaginga frå oppdrettsnæringa.

– Næringa går så det grin og akkumulerer store formuar, så det er ingen grunn til å spele distriktskortet. Det er berre å sjå på rekneskapstala. Då er det vanskeleg å bli bekymra for at dette er ei næring som er skattlagt for hardt, seier han til avisa.

Både havbruksnæringa og fleire stortingsrepresentantar frå Høgre og Venstre har bedt om at skatteskjerpinga blir vurdert på nytt, men finansdepartementet opplyste til Nynorsk pressekontor i desember at det ikkje vart jobba aktivt for å gjere om på dei nye skattreglane.

Publisert: 07.01.2022 15:40

Sist oppdatert: 07.01.2022 15:41

Mer om