Kort fortalt
Storpott til landstraum i Stryn
Fleire prosjekt i nordvest får pengar i siste støtterunde frå Enova.
Marius Rosbach
12.03.2024
Enova delar ut støtte til 17 prosjekt i den siste runden med tildelingar av pengar til å etablerte landstraum.
Olden i Stryn får mest pengar av de tre prosjekta på lista frå Nordvestlandet. Her blir det løyva 20 millionar kroner.
Også Nordfjord Hamn får knappe 6,9 millionar til landstraum i Måløy og Mjølstadneset i Herøy får drygt 3.9 millionar kroner, ifølgje ei pressemelding.
Til saman blir det gitt støtte på nær 143 millionar i denne runda. Sidan tildelinga starta har Enova gitt over éin milliard kroner i støtte til å etablere landstraum ulike plassar i landet.
Publisert: 12.03.2024 10:01
Sist oppdatert: 12.03.2024 10:01