Kort fortalt

Stort behov for ferievikarar

Rekordmange ledige jobbar.

NPK
09.03.2022

(NPK): På denne tida av året er høgsesong for å søkje sommarjobb. Og det er rekordmange ledige jobbar.

På Nav sine nettsider er det opp mot ti tusen ledige sommarjobbar no. Det er nesten ei dobling frå 2019.

– Det er ei veldig god erfaring å jobbe om sommaren. I tillegg til å tene litt, er det ei moglegheit til å prøve ut eit yrke som du kanskje vil satse på i framtida, seier direktør i Nav Møre og Romsdal, Stein Veland, til NRK.

Mange får også jobb utan at stillinga har vore lyst ut. Kommunale og statlege verksemder er pliktige til å lyse ut dei fleste jobbar, men andre selskap bestemmer sjølv korleis dei skaffar folk.

– Hos private bedrifter er det veldig mange som får jobb gjennom vener og kjente, eller ved å vere frampå og spørje. Dra gjerne innom dei no i god tid før sommaren. Då kan du kome med i planane deira, seier Veland.

Arbeidstilsynet har tilsyn med alle arbeidsgjevarar i Noreg. Direktør Trude Vollheim er opptatt av at ungdom, som er ferske i arbeidslivet, ikkje skal bli utnytta.

– Dei aller fleste blir godt tatt imot, men det finst unntak. Då er det viktig å vite kva du har krav på i alle jobbar, seier Vollheim.

Alle har krav på skriftleg arbeidskontrakt – uansett jobb. I kontrakten skal det blant anna stå noko om: Arbeidstid, lønn og oppseiingstid. Du har også krav på skikkeleg opplæring i arbeidet du skal utføre.

(©NPK)

Publisert: 09.03.2022 11:10

Sist oppdatert: 09.03.2022 11:12

Mer om